Var eg ung, og var eg rik,
so lærde eg vist aa liva;
daa fekk eg vera ein Stormann lik
og stora Gaavor giva.
Daa fekk eg Lov aa leika,
ganga i Kring aa reika,
sitja kvar Dag i Gjestelag
og faa kvat eg paa vilde peika.
Fyrst laut eg ut i eit annat Land
og sjaa dei største Stader,
der som er Folk av høgste Stand,
som bu i tetta Rader;
berre sjaa paa dei fine
og blaasa aat alle hine,
koma so heim fraa all den Sveim
og byggja paa Husi mine.
So laut eg hava Sal paa Sal
med Speglar i alle Grunnar,
Fuglar i Bur i kvar ei Sval
og spanske Tre og Runnar;
Stallar med blanke Veggjer
og Hestar med lange Leggjer,
engelske Kyr og andre Dyr
so fullt som My og Kleggjer.
So laut eg hava ein Tenarflokk
og fine Folk og gilde;
dei skulde senda meg Sko og Sokk
og gjera alt, som eg vilde.
Daa eg slapp aa bida,
eg slapp mot Kvelden kvida;
Grannar kom til meg kvart eit Bil,
so Kvelden lett maatte lida.
Vilde eg ut paa Friar-Veg,
so var ikkje mangt i Vegen.
Verfader kom og møtte meg
og var baade blid og fegen.
Ja, daa fekk eg den, eg vilde,
og alle Folk var snilde.
Kven skulde inkje hava Hug
til Gjestebod og Gilde?
Ein Ting er eg nokot rædd:
Det fanst vel endaa Lyte.
Den som i berre Sylv er klædd,
han vil hava Gull til Byte.
D’er ein Ting til aa fæla
midt i den meste Kjæla:
en um eg leiddest av alt i Hop,
so var det til liti Sæla.