Det gjeld aa fara varleg fram;
d’er mange Faarar dulde.
Ein kann so lett faa Last og Skam
der minst ein venta skulde.
Der er so ymse Vasarlag,
som rekna kvar Manns Lyte
og sanka Drøs av alle Slag
i smaa, og store Knyte.
Du kann faa vera med, men daa
du hjelpa maa med Taket;
og verd du leid og gjeng ifraa,
so fær du Skam paa Baket.
Um litet vondt um deg er sagt,
so kann vel meir seg laga;
naar Dikt og Gisning til er lagt,
so verd det snart ei Saga.
Du kunde faa ein Motgangs Trykk
paa Helsa og paa Trivnad,
daa segja dei: det kjem av Drykk
og ymis galen Livnad.
Ein Skalk, som same Namnet ber,
kann Folk vel hava merkat;
kann henda, daa du Skuldi fær
fyr’ alt, som han hev’ verkat.
Ja, kor du snur, so stend du fast.
Kven veit, kvat Folk vil drøyma?
Hjaa alle Mann dei finna Last;
seg sjølv dei berre gløyma.
Der er vist aldri betre Raad
en ganga beine Vegen
og blaasa aat all Spott og Haad
og vera lika fegen.